Fremside / Arrangement / Foredrag

Foredrag av Arne Solli

Foredrag av Arne Solli med tittel :

”Sosial uro, protest og radikalisme i Stavanger 1765-1814.

Sted: Arkeologisk Museum

Nye skattekrav sette befolkninga i harnisk på 1760-talet. I Stavanger truga folk i hopetal statens embetsmenn på Kongsgård. Nye samanstøyt i byane på 1770-talet førte til at bypøbel og oppløp kom inn i det juridiske vokabular. Delar av befolkninga opplevde eit klart misforhold mellom skattebører og politisk medverknad og representasjon. Trugselen om fengselsstraff var reell, militærmakt hadde blitt brukt mot bondeopprøra. Våren 1814 skjedde ein politisk revolusjon i Noreg. Begeistra av fridom og sjølvstenderetorikk sette "politisk vidtgående og misfornøiede elementer" i Stavanger fram krav om allmenn røysterett: "Vi anser enhver i Staten for Borger". Korkje Regenten på Eidsvoll eller leiande borgarar og embetsstanden i Stavanger var klar for slik radikalisme. Korleis skal vi tolke uroa, oppløpa og protestane i Stavanger frå 1760-talet til 1814? Skal vi forstå dei som akutte og enkeltståande skatteopprør eller som veksande politisk og ideologisk mishag til dei styrande?

Arne Solli er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen, og medforfatter til bokverket om Stavanger bys historie, bind I, En liten by i kamp, ca 1000-1815.