Fremside / Arrangement / Foredrag 23.februar

Foredrag av Geir Atle Ersland

Onsdag 23. februar (årsmøte)

Foredrag av Geir Atle Ersland med tittel :
PÅ LEIT ETTER BYENS OPPHAV

Ein steinkross som fram til 1860-åra stod like ved Breiavatnet, er omtala som
ein minnekross over Erling Skjalgsson, og vidare sett i samanheng med det
eldste Stavanger.

Det skriftlege kjeldematerialet gjer det ikkje mogleg å knyta Stavanger til Erling Skjalgssons tid,og krossen har ei meir uklar historie enn det som har kome fram. Dei få arkeologiske funna som kan daterast til 1000-talet, viser med velvillig tolking at ei kyrkje kan ha stått der Domkirken seinare blei reist.

I diskusjonen om byens opphav har også namnet Stavanger blitt drøfta. Tolkingane er mange, men i utgangspunktet er namnet eit stadnamn som ikkje inneheld element som har noko med by, tettstad eller
busetnad å gjera.

Sted: Arkeologisk Museum Kl. 19.00