De første rogalandsbunadene blei utforma av Magnus Våge rundt 1920. Men Hulda Garborg sans for broderi sette fort preg på den vidare utviklinga av kvinnebunaden. Fram til 1950-talet blei det tatt i bruk stadig nye broderi. Gjennom dei siste tiåra av 1900-talet blei bunaden allemannseige. Samtidig fekk me bunader som ikkje berre er inspirert av lokale folkedrakter, dei blei systematisk rekonstruert etter historiske kjelder.
Målfrid Grimstvedt tar oss med inn i denne historia og viser koss europeisk mote prega dagleg og høgtidsdrakta på bygdene i Rogaland.
NB! Vi gjør oppmerksom på at arrangementet er flyttet fra Stavanger museum til Arkeologisk museum, auditoriet, og det vil derfor ikke blir arrangert omvisning i utstillingen av Byhistorisk forening.
Bunadsutstillingen "Fra Hulda til Hijab" kan for øvrig sees samme dag på Stavanger museum på forhånd. Åpningstider torsdager er 11-19.
Målfrid Grimstvedt er magister i etnologi frå UiO, med ei hovudoppgåve om folkedrakta for kvinner i Flesberg, Numedal. Ho var medlem i Bunad og folkedraktrådet frå 1981 til 2001. På 1970-80-talet arbeidde ho både på Statsarkivet og Byarkivet i Stavanger med registrering av fotografi. Ho har arbeidt på Jærmuseet sidan 1987 til ho blei pensjonist derifrå i 2019. Ho er i dag leiar av Norsk folkedraktforum, og med i bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag. Det er denne nemnda som har rekonstruert mannsbunaden for Rogaland og kvinnebunaden for Ryfylke. Dei har kurs i saum av begge bunadene.