Foredraget har to sentral tema:
Det første dekke perioden 1725 – 1765: Dette var tida mellom slutten av den store nordiske krigen dei to første tiåra av 1700-talet og ein stor skattekonflikt mellom den eineveldige kongen/staten og allmugen midt i 1760 åra. Denne førtiårsperioden var reformperiode. Her kan nemnast stikkord som innføring av obligatorisk skule og ein inngripande statleg næringspolitikk innan landbruk, skogbruk, hummarfangst og fiske, samferdsel og postvesen, ei gryande utvikling av eit offentleg helsevesen og også perlefangst.
Det andre tyngdepunktet legg vekt på forholda i og for kjøpstaden Stavanger. Perioden var ei utfordrande tid for den einaste byen i amtet, Stavanger. Byen kjempa for posisjonen sin. Egersund og Sogndalstrand var i aggressiv frammarsj, ma. innan skipsfart og den såkalla havaritrafikken. Byen hadde store utfordringar i forhold til bygdene, og byen sin posisjon som eit økonomisk og handelsmessig sentrum. Det galdt både landbruk, skogbruk og fiske.
Fordraghaldar Egil Grude vil og i noen samanhengar trekkja opp lange liner i ei utvikling frå 1700-talet fram mot vår eiga tid.
Foto: Amtmann Bendix de Fine. Tilhører Museum Stavanger (MUST)