Eldre årsmøter

Innbydelse til årsmøte og medlemsmøte i Byhistorisk forening onsdag 21.02.24

Skapsprengeren Kåre Palmer Holm v/ Jone Laugaland

Årsmøte kl. 18.30 og medl. møte kl. 19.00 – på Folkets Hus, Løkkeveien 22, sal 1
Tidlegare Aftenblad-journalist og forfattar Jone Laugaland vil halde foredrag om denne mannen, som kan få merkelappane skapsprengar-ekspert, utbrytarkonge, gentlemannsforbrytar og sjarmør.
Her er mange utrulege historier!

Kåre Palmer Holm sitt største kupp var skapsprenginga på Sola postkontor våren 1959. Der fekk han med seg 68 000 kroner. Ufatteleg mange pengar den gongen. Ein søndagsformiddag i juli dette året, då fengselsbetjeningen var opptatt med å sleppa ut gjestene i fyllearresten, rømte Kåre Palmer Holm. Klassisk banditt-oppskrift. Han hadde laga eit tau av eit par dynetrekk, bandt dette i skorsteinen og firte seg ned i bakgården. Vips så var han borte.

Rømlingen leika gjømsel med politiet i lang tid, både her i distriktet og andre stader i landet. Avisene skreiv all slags historier, og han blei ein helt for mange. Skuffelsen var stor då han blei tatt på Tau. Men etter kvart endra han seg.

Men kanskje det aller artigaste med denne mannen: Han greidde å leggja kriminaliteten bak seg. I godt vaksen alder blei han vaktmann på rutebilstasjonen i Stavanger. Og i tillegg: Ungdomsarbeidar i Grevlingen fritidsklubb på Tjensvoll.

NB! MERK AT VÅRENS ARRANGEMENTER GÅR I FOLKETS HUS, LØKKEVEIEN 22





 
Tilbake til programoversikt
BYHISTORISK FORENING STAVANGER
KRYSANTEMUMHAGEN 41, 4022 STAVANGER
menu