Eldre årsmøter

Medlemsmøte torsd 30. mars kl. 19.00 på Arkeologisk museum

100 års bunadshistorie i Rogaland

Mellom nasjonalromantikk og europeisk mote

Målfrid Grimstvedt vil presentera dagens bunader i lys av lokale folkedrakttradisjonar.
De første rogalandsbunadene blei utforma av Magnus Våge rundt 1920. Men Hulda Garborg sans for broderi sette fort preg på den vidare utviklinga av kvinnebunaden. Fram til 1950-talet blei det tatt i bruk stadig nye broderi. Gjennom dei siste tiåra av 1900-talet blei bunaden allemannseige. Samtidig fekk me bunader som ikkje berre er inspirert av lokale folkedrakter, dei blei systematisk rekonstruert etter historiske kjelder.
Målfrid Grimstvedt tar oss med inn i denne historia og viser koss europeisk mote prega dagleg og høgtidsdrakta på bygdene i Rogaland.

NB! Vi gjør oppmerksom på at arrangementet er flyttet fra Stavanger museum til Arkeologisk museum, auditoriet, og det vil derfor ikke blir arrangert omvisning i utstillingen av Byhistorisk forening.
Bunadsutstillingen "Fra Hulda til Hijab" kan for øvrig sees samme dag på Stavanger museum på forhånd. Åpningstider torsdager er 11-19.

Målfrid Grimstvedt er magister i etnologi frå UiO, med ei hovudoppgåve om folkedrakta for kvinner i Flesberg, Numedal. Ho var medlem i Bunad og folkedraktrådet frå 1981 til 2001. På 1970-80-talet arbeidde ho både på Statsarkivet og Byarkivet i Stavanger med registrering av fotografi. Ho har arbeidt på Jærmuseet sidan 1987 til ho blei pensjonist derifrå i 2019. Ho er i dag leiar av Norsk folkedraktforum, og med i bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag. Det er denne nemnda som har rekonstruert mannsbunaden for Rogaland og kvinnebunaden for Ryfylke. Dei har kurs i saum av begge bunadene.
 
Tilbake til programoversikt
BYHISTORISK FORENING STAVANGER
KRYSANTEMUMHAGEN 41, 4022 STAVANGER
menu